Fit&Fun Stryn

Velkomen til Fit&Fun Stryn!

Bli med på ei uforgløymeleg helg i vakre Stryn, skreddarsydd for deg som ønskjer å kombinere trening, nettverksbygging og rein velvære. Vi inviterer kvinner til Fit&Fun Stryn, der vi lovar ei helg fylt med aktivitet, deilig mat, bading og hyggeleg samvær.

Dato: 09-11 august 2024
Stad: Furevins Lodge, Stryn

Pris: kr 4990 per pers (kr 1000 ekstra for enkeltrom)

Program:

  • Basisball-trening: Start dagen med ei energisk basisball-økt som får pulsen opp og musklane i gang. Basisball er ein morosam og effektiv treningsform som passar for alle nivå.
  • Yoga: Senk skuldrene og finn roa med ei beroligande yoga-økt. Perfekt for å strekke ut og finne balansen etter ein aktiv dag.
  • Fjellturar: Vi skal på tur i den nydelege naturen! Pakk med deg noko gøy i sekken: flagg, bobler eller kanskje ein kjole?
  • Heimelaga mat: Nyt smakfull mat laga med kjærleik. Perfekt for å lade opp etter treningsøktene.
  • Bading: Ta eit forfriskande bad i den hemmelige kulpen vår! Du kan også slappe av i eit varmt boblebad, om du også vil dette!
  • Hygge: Kveldane avsluttast med koselege samlingar rundt bålet, gode samtalar og moglegheit til å bygge nettverk med andre fantastiske kvinner.

Kvifor delta?

  • Kombiner trening og avslapping i ein inspirerande setting
  • Møt likesinna kvinner og bygg nye vennskap
  • Nyt deilig mat og naturskjønne omgjevnader
  • Få inspirasjon og motivasjon til ein sunnare livsstil

Kva er inkludert?

  • Overnatting i dobbeltrom på den fantastiske hytta Furevins Lodge
  • Alle måltid
  • Alle treningstimer

Påmelding: 

Ikkje gå glipp sjansen til å fylle helga med aktivitet, glede og fellesskap. Meld deg på Fit&Fun Stryn no, og bli med på ei helg du seint vil gløyme!

Vi gler oss til å sjå deg i Stryn!

Ved påmelding blir du fakturert 2000 kr i depositum, som sikrer plassen din. Resterande 2990 kr blir fakturert 1. august. Ved avmelding inntill 2 veker før arrangement får du heile depositum attende. Etter dette ingen refusjon.