Flytende Villa!

04.07.2022

Forrige veke tok eg med meg nokre medlemmer av flokken min, og sette kursen til Nautnes i Øygarden utanfor Bergen. Her låg det nemlig ein flytande Villa og venta på oss! Villaen har 6 soverom og 3 bad, stor og lys stove, velutstyrt kjøkken, samt boblebad, sit on top kajakker, sup-brett og elektrisk båt! SOM vi gleda oss til å vere her i 2 døgn!!

Vi lagde oss Poke-ball, ein slags sushi-taco til middag første kvelden, og tok oss ein tur med den elektriske båten for å nyte solnedgangen. Båten er kjempeenkel å bruke, sjølv for dei som aldri har kjørt båt før. Du har 3-4 timer kjøring på fulladda batteri, og batteriet kan laddes i huset om du treng meir. 

Boblebadet er kjempedeilig å ha, særleg om det er kjølig ute. Vi testa det på kvelden etter ein lang dag i sola, og jentene storkosa seg!

Vi fikk eit kart av eigaren av Villaen, og tips om å besøke ei grønn Lagune på lørdags morgon. Det gjorde vi, og det skuffa ikkje! Her lunsja, bada, padla og sola vi oss! 

Det blei også brukt tid til å berre slappe av på den over 100 kvadratmeter store terrassen som omringer heile huset. Å bu i den flytande Villaen var virkelig ei oppleving av dei sjeldne, og noko jentene vil huske for alltid. Huset blir liggande i Øygarden i halvanna år til, så blir det kanskje frakta til utlandet. Om du vil oppleve ein flytande Villa i Noreg, ikkje vent for lenge med å booke! Her kan de vere fleire familier, vennegjenger eller firma! PS: Det er 26 års grense for å booke.

Praktisk info:

6 soverom, 3 bad, 15 sengeplasser, sengetøy inkludert, wifi inkludert (begrensa kapasitet), fullt utstyrt kjøkken, gassgrill på terrasse, SUP, kajakk, og elektrisk båt inkludert, jaccuzi mot tillegg (kr 600) Utvask inkludert.

Pris: 6450 per døgn pluss 350 per pers. Sjekk ut nettsida til Floating Villa for meir info og booking!