Fjordslottet!

13.12.2023

Det er lett å kjenne seg som ein kongeleg på Fjordslottet på Union Øye, som ligg i enden av Norangsfjorden. Hit kom nemleg fjellfararar, kunstnere, fortattere og prominente gjestar med blått blod for å gå i fjellet, nyte naturen, kunste, og kose seg på slutten av 1800-talet! Vi tok turen for å kjenne på det herskapelege og historiske suset eitt av Europas flottaste hotell kan gje deg.

Hotellet er bygd i stilen som var typisk for slutten av 1800-talet, og er ein kombinasjon av viktoriansk stil og sveitserstilen. Grunna dei mange utenlandske turistane som besøkte Noreg på denne tida, vart også byggestilen påverka av dei som kom og slo seg ned. Eg kan godt sjå for meg stemninga rundt middagsbordet på kvelden. Kven veit, kanskje den legendariske klatraren Slingsby, kunstmålaren Hans Dahl og Keiser Wilhelm delte eit måltid? For lista på kjente namn er lang: Keiser Willhelm, Kong Oscar, Dronning Maud og Prinsesse Victoria; forfattarane Karen Blixen, Knut Hamsun, Henrik Ibsen og Sir Arthur Conan Doyle; komponisten Edvard Grieg, fjellpionerar William Cecil Slingsby og Kristoffer Randers og polfarar Roald Amundsen er berre nokre av dei som har budd på hotellet.

Om det skulle freiste med ein tur til Hjørundfjorden og Union Øye, er det mykje kjekt å finne på. Det arrangeres toppturfestival med guide på vinteren, og på sommaren kan du gå spektakulære fjellturar som Saksa og Slogen. Eg har vore på desse fjellturane m. fl, men det skal eg fortelje om i eit anna innlegg. For denne gangen her valgte vi å berre slappe av, bade og køyre tur i dei vakre naturscenene.