Vintertelting

23.01.2024



Å vintertelte er fantastisk, og treng slett ikkje å vere ein iskald oppleving. Det er sjølvsagt enklare å telte på sommaren, men om du liker å utfordre deg sjølv og kjenne på mestring bør du komme deg ut og nyte vinterens magi! Sjølv har eg lært meg å vintertelte ved å vere med venner som allereie kan dette, på tur. Dette tenker eg er den beste, enklaste og tryggaste måten å lære på - også er det ganske hyggelig også. Eg har samla nokre av triksa her, kanskje du lærer noko?

Kva treng du?

  • Isolerande liggeunderlag. Nei, du kan ikkje sove på luftmadrass, det er iskaldt og ei tabbe du berre gjer èin gang.
  • Vintersovepose, eller 2 soveposer utanpå kvarandre.
  • Ull til å sove i: Tights, genser og sokker.
  • Lue og evnt ein tynn ullgenser som mellomlag til å sove i.
  • Varmeflaske i soveposen: Kok opp vatn på drikkeflaska di før du legger deg og bruk denne i soveposen for ekstra varme. NB: kjøp deg ei flaske som tåler kokande vatn.
  • Primus som går på bensin. Gass funker dårleg i kulda. Hugs fare for kullosforgiftning, og fyr i fortelt med god lufting ved bruk av primus.
  • Telt, snøpluggar, spade.
  • Hovudlykt.
  • Mat. Turmat på pose er enkelt og godt på tur.
  • Toalettpapir, pose, håndsprit.
  • Håndvarmere.
  • Snøkost. Til å koste snøen ut av teltet.
  • Lyslenke/lykt til hygge.
  • Termos.

Hugs at du kan leie/låne utstyr til telting før du kjøper. Sjekk BUA , PINSJ og Finn.no


Korleis gjer du det?

  • Trakk teltplassen flat med skia.
  • Sett opp teltet.
  • Legg snø på teltskjørtet.
  • Grav kuldegrop framfor teltet.
  • Legg inn soveutstyret så det får «sette» seg før du skal legge deg.

DNT har skrive ein grundig artikkel om vintertelting som du kan lese her: