Elektrisk fricamping!

21.01.2024



Skulle du ønske at du kunne reise på vintereventyr og nyte stillheten som naturen tett på gjev deg, utan å måtte styre med telt og sovepose, for så å fryse deg gjennom kalde netter? Har du lyst å ligge i ei varm seng og sjå på stjernehimmelen som blenker over kvitkledde grantre? Då er fricamping med ei liten vogn noko for deg! Her får du natur, komfort, enkelhet og ikkje minst lekkert design i ei og samme oppleving. Kvardagseventyret er ikkje langt unna med denne måten å campe på!

Bilen min er en Renault Megane E-Tech electric med 220 HK. Denne kjem med hengarfeste, noko som kan være greitt å ha til både sykkelstativ og små hengere, og som har blitt flittig brukt til fyrstnemnte i hele sommar. Å dra henger er heller ikkje noe problem, faktisk kan Megane E-Tech electric dra opptil 900 kilo på modellane Iconic og Techno. Campingvogna frå Oslo Campingutleie veg berre 490 kilo, så her er vi godt innanfor det som er tillete å trekke. Det beste av alt: denne kan køyrast med vanleg klasse B sertifikat!



Så er det store spørsmålet: Går det virkelig an å sove behagelig i ei lita campingvogn i -20 grader på vinteren? Eg pakka fjellski og skøyter i takboksen, hekta campinghengeren på bilen og sette kursen mot de djupe skogar.


Eg benytta meg av allemannsretten og køyrde til ein parkeringsplass tilknytta ein stor innsjø. Her fekk eg nokre fine timar med skøyting på stålisen før sola gjekk ned. Gradestokken viste 20 blå, og eg lurte på om eg i det hele tatt ville tørre å sove aleine i den mørke natta. Eg hatar å fryse og har hatt mine netter i iskalde telt, men denne gangen kraup eg til køys under store dundyner i ei oppvarma campingvogn, noko som ikkje kan klassifiserast som anna enn rein luksus. Gjennom soltaket beundra eg himmelen som låg som ei svart gardin med glitrande stjerner over ein snødekt granskog, og eg kjente meg heldig for å få oppleve akkurat dette. Klokka rakk å bli 08:30 før eg våkna dagen etter, så du kan trygt sei at eg sov godt. "Den som søv syndar ikkje" sies det. Og det er det mye sant i, med mindre du egentlig skulle ha vore reist videre da. Men først måtte eg ha kaffi. Og frukost.


Det vesle kjøkkenet i luka bak på vogna er imponerande organisert. Her møter du god benkeplass og alt du treng av kjøkkenutstyr i praktiske boksar. Under benkeplata er det plassert eit lite kjølerom, noko som mildt sagt var overflødig på akkurat denne turen. Eg kokte kaffi og lagde speilegg på primus før eg reiste vidare, godt utkvilt etter ei lang natts søvn.


Eg køyrer Noreg på kryss og tvers heile året, men dette var første gangen med elbil og campingvogn på vinteren, og eg var spent på korleis det ville gå. Ville eg bli overraska av høgt straumforbruk? Ville eg få ladeangst? Ville det vere mykje styr med frosen bil etter ei natt ute i kulda?


Megane E-Tech electric sin kupevarmar er imponerande effektiv. I løpet av dei 15 minuttene eg brukte på å lage kaffi, blei bilen heilt isfri og målte heile 20 grader i kupeen. Medan eg slurpa i meg den magiske morgondrikken, tok eg meg ein prat med Google Assistanse, som er integrert i bilen. Etter å ha fortalt ønska destinasjon, rekna programvaren ut straumforbruk og foreslo kor eg burde stoppe og lade. Som med alle andre bilar går straumforbruket opp når du er lasta tungt, så ei lett vogn og lang rekkevidde på bilen er intet minus! Modellen eg køyrer (Iconic) kjem seg 431 km (WLTP) på sin elektriske motor og ladar heile 300 km på berre 30 min. Dette gjev forutsigbarhet og ro til ein eventyrlysten sjåfør som meg.



Det fine med fricamping er at du kan overnatte langs offentlig veg og i utmark, innanfor det som gjeld i friluftslova og allemannsretten. Med ein såpass snerten bil og vogn har du stor frihet til å stoppe impulsivt og overnatte der du føler for det: på parkeringsplassar, rasteplassar og oppstillingsplassar tett på naturen. Det er likevel nokre reglar du må følge: sporlaus ferdsel, ikkje forstyrre dyr eller fuglar, ikkje campe nær bebudde strøk, følge reglene for bålforbod, og ikkje vere til ulempe for andre. I Noreg har vi utruleg mange flotte stader du kan stoppe på, og når du har senga di med deg på denne måten blir det ein lavterskeloppleving som både er økonomisk, miljøvenleg og ikkje minst minneverdig! Du treng heller ikkje å eige ei slik vogn for å dra på eventyr, det fins mange utleiere rundt omkring i vårt langstrakte land. Vogna eg hadde med på tur tilhøyrer Oslo Campingutleie.